johanne-nyborg-treskjaering-handverk-noko
STUEN

Noko Studio: Gleden over å skape noe som kan brukes

For Johanne Nyborg (24) føles det å jobbe med tre som å komme hjem. Med Noko ønsker hun å lage ting som har en verdi utover den fysiske gjenstanden. Ting du får et ordentlig følelsesmessig forhold til. 

Intervju: Maria Huseby Foto: Johanne Nyborg og Marthe Thu

johanne-nyborg-treskjaering-handverk-noko

Hvem er du og hva driver du med?

Eg heiter Johanne Nyborg og er utdanna art director ved Westerdals. Eg vaks opp i ei lita bygd på Vestlandet, men flytta til Oslo for å studere etter vidaregåande. No jobbar eg frilans som art director, fotograf og rekvisitør. Eg har i tillegg nettopp starta opp Noko, eit sideprosjekt der eg lagar bruksgjenstandar i tre.

Hva er Noko og hvordan ble det til?

Noko er mitt “passion project” og er framleis i oppstartsfasen. Her vil eg vise fram tinga eg lagar, og i løpet av hausten vil det dukke opp ein nettbutikk. Noko befinner seg i skjæringspunktet mellom bruksobjekt og kunst, og er på éin måte det mest personlege eg nokon gong har jobba med.

noko-studio-johanne-nyborg

Fortell litt om hvordan du begynte å jobbe med tre!

Eg har alltid elska å lage ting med hendene, og etter nokre år på Westerdals der vi jobba nesten utelukkande digitalt og konseptuelt, så klødde det i fingrane etter å lage noko ekte. Under ei oppgåve i faget Visuelt bestemte eg meg for å teste tresnitt, og reiste heim til Vestlandet i nokre veker for å kunne jobbe konsentrert. Oppgåva blei kun middels bra, men dei små tinga eg spikka innimellom alt det andre gav meg ny kreativ energi.

Jula samme året fikk eg både spikkekniv og mine første treskjærerjern av mamma, og forlot såvidt verkstaden i kjellaren heile romjula. Eg ville berre lage, lage, lage.

Når eg drog tilbake til Oslo var det med små bitar tre i kofferten.

johanne-nyborg-noko-studio-tre-skjaering

Hva er det med tre som materiale du liker så godt?

Det føles veldig nært. Å jobbe med tre er litt som å komme heim. Eg har vakse opp blant natur, og har klatra i tre og samla kvist heile barndommen. Det fell meg veldig naturleg. Så langt har eg utelukkande jobba med treverk frå heimbygda mi, Berle.

Eg vil gjerne kunne fortelje ei fullstendig historie med tinga eg lagar. Det krever at eg har kontroll på kvar materiala eg brukar kjem frå.

Då eg først begynte å jobbe med tre var eg stadig på jakt etter bra vedkubbar i vedskjula til folk heime i bygda, men seinare har eg begynt å tørke sjølv. Eg vil vere med på heile prosessen, og heldigvis er Noreg stappfullt av gratis kvalitetsmaterialer!

 noko-studio-treskjaering-handverk

Kan du fortelle litt om prosessen fra vedkubbe til ferdig produkt?

Frå ferdig tørka kubbe er det første steget å få delt emnet opp i skiver. Sidan eg ikkje har min eigen verkstad i Oslo med mulighet for meir manuell klargjering av emner, så brukar eg ei bordsag til å få kutta skiver i passelig tjukkelse. Den glatte overflata gjer det lettare å overføre designet eg har valt ut over på treskiva. Her gjer eg eventuelle justeringar i designet, og teiknar óg ein del på frihand. Om eg lagar ei skjei, holar eg gjerne ut bollen på skjeia før eg skjærer ut omrisset med kontursag. Deretter følger først grov- og så finspikking. Til slutt pussar eg skjeia i tre omgongar før eg oljar og forseglar med eit lag bivoks. 

Det aller mest givande er sjølve spikkinga; å sjå noko endre seg i hendene dine. Gleda over å skape noko som kan brukast.

Pussinga er ofte ein tolmodighetsprøve, mens polering og oljing veldig tilfredsstillande. Olja får fram alle dei unike detaljane i eit stykke tre, og skapar kontrastar og fargespel. Ein ser plutselig tydelige forskjellar mellom dei ulike tresortane.

 tre-skjeer-brukskunst-handverk-noko-studio

 Hvorfor tror du folk i stadig større grad trekkes mot håndlagde ting med organisk design?

Eg opplever at folk i større grad enn før vil vite kvar tinga dei kjøper kjem frå, korleis dei har blitt produsert og kven som har laga dei. Denne historia gir verdi utover den fysiske tingen, noko som gjer at det er lettare å skape kjenslemessige forhold til tinga ein eig. Då tek ein óg betre vare på eigendelane sine – i motsetning til bruk-og-kast-haldninga mange masseproduserte produkt nærast oppfordrar til.

Eg vil ikkje at det skal vere mulig å “berre kjøpe ei ny skjei” fordi ein ikkje klarte å ta vare på den ein hadde.

treskjaering-brukskunst-noko

Det som er fint med ting i tre, er at dei vil endre seg i takt med deg. Du vil kunne sjå at den sleiva der har du brukt når du kokte blåbærsylte eller lagde karrigryte med gurkemeie. Du vil sjå det vesle hakket i skaftet, den vesle sprekka, den mørke fargen heilt ytterst.

Kvardagen din lever vidare i treverket. Dét synes eg er fint.

noko-studio-skje-i-tre-green-house

Følg @noko.studio på Instagram 

johanne-nyborg-noko-tre-brukskunst

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Relaterte saker

Close
Velkommen!